Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Positiv veke for G13

G13, 11-er: Stranda sitt G13 11-er lag har spelt to kampar på to dagar. Først heile 19-1 siger mot Emblem 2 på tirsdag. Så venta topplaget Aalesund onsdag, her enda det med tap 3-4.


Tirsdag: Stranda-Emblem 2. 19-1. Embløem stiller to jamne lag i kvar si avdeling. Stranda vann suverent over eit yngre lag frå Emblem.

Onsdag: Stranda-Aalesund 3-4 (1-1) Stranda har gjort det sv&aellig;rt bra så langt i sesongen. Aalesund er topplaget i avdelinga og alle venta ein tøff kamp.
Samla sett var Aalesund det beste laget og vann fortjent.
Men til pause var ingen ting avgjort. Stranda skora rett før pausesignalet ved Lars Erik Opshaug.
I andre omgang kom bortelaget opp i 4-1 ledelse og det såg ut til at dei vann komfortabelt. Men reduseringa til 2-4 ved Per Johan Tronsen vekka heimelaget. Så fekk laget straffe, men keeper redda. Kanskje skjebna som avgjorde for Aalesund sine ledarar protesterte på at dette var straffe. Kanskje hadde dei rett? Det vart også fokus på kor mykje tid Per Helge Liset hadde lagt til då Harald Rimstad reduserte nok ein gong! Og når Stranda fekk corner trur er mange var n&aellig;rvøs på bortelaget, men dommer Liset blåste av kampen ved innlegget.
Spennande kamp på Stranda Stadion. Artig å møte Aalesund. Aalesund det beste laget i kampen. Stranda imponerer med sin enorme framgang på 11-er fotball. Kan verte spennande gutar om dåkke trener bra framover. Stå på :)

Skrive av Ronny Ødegård, 28.05.2008 23:44
10 siste: