Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
No skal vi skjerpe oss

4.divisjon herrer: Stranda møter Vigra på Stranda Stadion torsdag kl. 1830. Stranda er klar for full skjerping etter den svake kampen borte mot Norborg. Og vi vil gjerne underhalde med godt spel torsdag :)


Stranda Stadion torsdag kl. 1830. Stranda-Vigra

Stranda stiller nok ein gong ein god tropp. Toppskorer Ronnie Furset har karantene (3 gule kort). Unge Anders Astad Sve er sjuk. Iver Krohn forebygger skade. Rasmus Drønnen og Fredrik Fausa er ikkje tatt med i troppen.

Vigra stiller utan Idar Molnes som fekk raudt kort i forrige runde heime mot Herd (tap 3-0) Men dei har to av dei spelarane med flest kampar i divisjonen. Nemleg ringrevane Amund Hjelle og Arild Årseth. Dei har vore med på det meste for flyplasslaget.

7.serierunde:

Stranda-Vigra H
Sunnylven-Åram/Vankam U
Herd-Bergsøy U
HaNo-Norborg U
Vartdal-Ørskog U
Ørsta-Larsnes/Gursken H

Tippinga ?
Ein runde med mange uavgjorte kamper. Herd og Bergsøy er rundens store toppkamp og er heilt open.
HaNo tek imot Norborg til Haramderby. Sunnylven tar imot laget frå Søre og tar eit nytt poeng. Ørsta vert for gode for Sandelaget. Vartdal og Ørskog er vanskeleg å bedømme så langt i år.

Håper mange tar turen til Mona torsdag i flott kampv&aellig;r :)

Skrive av Ronny Ødegård, 28.05.2008 23:56
10 siste: