Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Junior vann prestisjekampen

G19 -vs- herre2: G19 knuste B-laget 9-3 fredag kveld. Til pause var alt opent med 2-2. Seinkampen på Stranda Stadion vart leia av evigunge Per Helge Liset.


Denne kampen vil ingen tape. I april vart det spelt ein tilsvarandes kamp. Resultatet vart den gongen 1-1.

Begge lag har spelefri neste veke.

Per Helge Liset koser seg i fotballmiljøet når han får fløyta i munnen.

Ved pause var alt opent i prestisjekampen med 2-2.
Men dei yngste vann med heile 9-3 til slutt.

Dette vert nok ikkje den siste kampen mellom laga i år. Kjempeartig og god kamptrening med alvor er stikkorda.

Mål:
G19:
Erlend Langelo 4
Fredrik Astad Sve 3
Nico Urban 2

B-laget:
Jan Magne Leirmo
Håkon Mikal Dalen
Kenneth Korsbrekke !!

Meir stoff om aktiviteten frå miljøet på B-laget kjem utover våren.

Skrive av Ronny Ødegård, 24.05.2008 01:45
10 siste: