Presentasjon av klubben: Fotballskule-komiteen vert presentert denne gongen. Ein komite og eit arrangement med ei fantastisk historie sidan starten i 1995. Rune Bratseth var trekkplaster det første året og stjerne på stjerne har vore på besøk år etter år….
Komiteen består av desse:
Leidulf Årvik, leiar
Sigurd Drege
Eldar Gj&aellig;rde
Tove Knivsflå
Geir Koppang
Robert Løken
Tone Lillebø
Tone Lind
Dette arrangementet har vorte eit sv&aellig;rt viktig bidrag i klubben, både sportsleg, sosialt og økonomisk.
Siste åra har rundt 350 deltakarar fylt opp Stranda Stadion.
Komiteen legg ned eit langvarig og stort arbeid gjennom vinteren. Så når august kjem så er det meste detalj planlagt til det beste for alle.
Vi ønsker komite og arrangement lykke til i innspurten :)