Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kanskje historiens sterkaste bortepoeng!

6.divisjon herrer: Giske-Stranda 2 4-4 (4-1) Dette poenget er kanskje den beste prestasjonen Stranda sitt “B-lag” har gjort sidan oppstarten i 1998. I 2003 tapte Stranda 2, 15-2 på same bane.


Stranda 2 hadde problem med å stille tropp til denne kampen. Spesielt då Idrettsklassene ved VGS er på skuletur desse dagane. I tillegg nokre naturlege forfall. Det var ikkje meininga at Endre Kjølås skulle vere med på denne kampen, men vart med for å styrke stallen.

Det må seiast at Stranda 2 hadde marginane på si side i denne kampen. Giske hadde det meste i 1.omgang og leda komfortabelt. Statistisk skal då SIL 2 sprekke på bortebane,men denne gongen klarte laget og samle seg og kjempe vidare. Både marginar, flaks og dyktigheit ordna eit kjempeartigt poeng.

Stranda 2 har tapt mykje på bortebane i dei 1o sesongane klubben har hatt 2.lag. Berre i 2005 hadde ikkje klubben lag i 2.lags serien. I 2001 var Stranda 2 i 5.divisjon og gjorde ein god figur.
Av sterke bortepoeng kan vi nevne 1-0 siger mot Blindheim i 2001. Terje Ottersen var i spissen på det laget. Og vi kan nevne 1-0 sigeren på Lepsøy i 2006.
Stranda 2 har aldri hatt til hensikt å toppe noko lag i alle desse åra. Tvert imot gi kamptilbud og eit fornuftig oppleggg for kvar enkelt spelar. Det har alltid vore ei blanding av eldre/B-spelarar, yngre frå junior og guttenivå, samt enkelte frå A-stall.

Laget:
1. Edin Salihovic
2. Geir Ivar Dalen
3. Endre Kjølås
4. Mehedalje Hodzic
5. Fredrik Fausa
6. Frode Rusten
7. Anders Fjørstad
8. Are Habostad
9. Jan Magne Leirmo
10. Håkon Mikal Dalen
11.Gunnar spelund

12.
13. Sverre Jan Rønneberg
14. Ole C Giskemo

Måla:
Håkon Mikal Dalen 3
Frode Rusten 1
Sjølvmål 1

Poeng:
3 p: Gunnar Espelund
2 p: Geir Ivar Dalen
1 p: Frode Rusten

Endre Kjølås, visekaptein på A-laget hadde ein sv&aellig;rt god kamp, men vart ikkje med i vurderinga av poeng på denne kampen. Til trass for at han truleg var den beste på bana.

2.serierunde: Mandag 5.mai kl. 1900. Stranda 2-Brattvåg 2

Skrive av Ronny Ødegård, 29.04.2008 06:47
10 siste: