3. div kvinner: Stranda tapte 0-4 heime mot Brattvåg søndag ettermiddag.
Underleg, men og litt typisk var Stranda det førande laget i 80 min av kampen. Når ein då søv i 10 minutt kan det fort bli stygge tap. Stranda gjekk til heimekampen med ein stor og frisk stall i dag og var eigentleg ganske optimistiske før kampen. Det vart difor ein ubehageleg kalddusj når Brattvågdamene pressa høgt frå start og sette ballen i mål før det var gått eit minutt, og før Stranda sine spelarar hadde forstått heilt at kampen var i gong.
Stranda rista kuldegysen av seg og tok fatt i bataljen. Den bakre firaren fekk satt seg og spelte stødig, og midtbana var godt innvolvert i det som skjedde. Aud Karin var banas beste spelar og fekk vist fram slepen teknikk og god taklingsstyrke. Ho jobba godt i lag med ungjentene Marte og Eline. Framover mot Brattvågmålet vart det dessverre for lite trøkk. Det stemmer ikkje heilt med oppspela, løpa og avslutningane enno, og det vart berre halvssjansar ut av det.
80 minutt av kampen gjekk, og Strandarane sende fleire spelarar fram for å jage det som på dette tidspunktet ville vere ei velfortent utlikning. I staden skjedde det som ikkje skulle skje; midtforsvaret til Stranda halvsov og Brattvågspissen kom gjennom på ei kontring og skåra vakkert. Dermed datt Stranda delvis og heilt saman, og to ballar til rulla inn i løpet av få minutt. Det som skulle bli 1-1 vart i staden 0-4.
Ein kan ikkje anna enn å riste det av seg, fortsetje treningsarbeidet, og bu seg til neste kamp. Det vart ein dyr l&aellig;repenge i denne kampen; at ein må vere skikkeleg våken i 90 minutt.
Laget:
Anna Lina
Kristine
Linda
Tonje
Marte L
Merete
Aud Karin
Marte S
Liv Hilde
Christina
Susann
Eline
Renate
Hilde
Birgitte
Beate
Caroline
Poeng:
3p: Aud Karin
2p: Christina
1p: Linda