Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Unødig tap for FK Sykkylven!

A-lag herrer: Stranda-FK Sykkylven 2-4 (2-2) Stranda spelte ein god kamp, men tapte heilt unødig mot eit ungt lag frå Sykkylven.


Kampen:

Begge lag har eit hardt kampprogram i desse dager. FK Sykkylven mangla nokre strateger og Stranda fordelte speletid på mange.

Det var duka for lokalderby på Stranda Stadion. kampen er utan betydning poengmessig, men vi tippar begge lag hadde lyst å vinne.
Sjefsagent “Luger! Langhaug hadde nok med å svare alle innkomne telefoner utover kampen, det kima heile andre omgang.

Ein irriterande kamp seier trenerteamet Ødegård og Hovde. Vi spelar mykje bra fotball, skaper mange sjanser, men taper mot eit lag vi skal vinne mot!
FK Sykkylven imponerte på tre områder: Mange unge som gjennomførte gode prestasjoner. Dei setter sjansane og klarer å vinne kampen.
Stranda har ballen mykje i heile første omgang og viser mange fine kombinasjoner, men uttelling manglar. FKS har to enorme sjanser tidleg i kampen som Opsvik vinn duellen mot. I tillegg skorer dei på ein god dødball frå evigunge Røe. Stranda sine to mål etter dette var vi stolte over, mønsterangrep kallar vi det enkelt. FKS utligner på overtid av første omgang.
Andre omgang fekk bortelaget komme bedre med, noko dei gjorde resten av omgangen. Men det resulterte ikkje i meir enn ein målsjanse for FKS. Dette til trass for at dei skora to mål. Stranda hadde sjanser til å skore fleire gonger utover i omgangen, men dyktigheita var ikkje på topp ved avsluttarane.
Også i denne omgangen får vi til fleire flotte kombinasjoner.

Vi gratulerer våre gode naboer med sigeren og gir dei honnør for fin moral og fin sportsånd rundt lederbenken.

Strandalaget tar med seg mykje positvt frå denne kampen. Noko vi skla bygge på til helga når sterke Tiller og Kolstad er motstandarar.

Måla:

0-1 Daniel Ludvigsen, 13
1-1 Ronnie Furset, 15
2-1 Kato Vangen, 29
2-2 Eirik Kampenes, 45
2-3 Damien Cruz, 50 (str)
2-4 Petter Lyshol jr, 80

Laget:

1. Lars Erik Opsvik, 90
2. Erlend Langelo, 90
3. Kim Vangen, 90
4. Endre Kjølås, 55
5. Thomas Roset, 90
6. Martin Espelund, 55
7. Fredrik Astad Sve, 55
8. Christian Malmo, 55
9. Kent Runar Vad, 90
10. Ronnie Furset, 90
11. Kato Vangen, 60

12.
13. Iver R. Krohn, 35
14. Stig Tore Lied, 35
15. Anders Astad Sve, 35
16. Gunnar Espelund, 30
17. Kristian Smoge, 35

Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven. 5 p. Jamnt god, men eit par episoder som vart diskusjon rundt trekker ned.
Sv&aellig;rt positiv trio med unge Stenberg brødre som assistenter.

Advarsel:
Arnt Tore Røe, FKS.

Poeng:
3 p: Thomas Roset
2 p: Christian Malmo
1 p: Erlend Langelo

Kent Runar Vad var n&aellig;rmast poengskalaen. Han vart kåra til månedens spelar for mars, eiga sak tirsdag.

FKS sine beste: Alexander Aure, Arnt Tore Røe, Damien Cruz og Johan Liset Pedersen (debutant keeper)

Neste kamp: –> Fredag 04.april. kl. 1800. Tiller-Stranda.

Skrive av Ronny Ødegård, 31.03.2008 23:19
10 siste: