Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kommunestyret sa JA til Stranda Stadion!

Kommunestyret i Stranda: Kommunestyret sa JA til å realisere opprustinga av Stranda Stadion onsdag :) Dette vart suverent med 19 mot 6 stemmer. No ser idrettsmiljøet fram til å få eit av dei flottaste og mest brukarvennlege anlegget i regionen.


Historie:
2002 vart treningsfeltet lagt kunstgras på. 70×50.
2006 vart hovudstadion lagt kunstgras på. 110×65.
I denne perioden har også klubbhuset fått fleire vedlikehald.
2008/2009 vert Stranda Stadion opprusta med flotte rammebetingelser.

Planane for opprusting av Stranda Stadion vart med klart fleirtal (19-6) vedteke i kommunestyret onsdag 26.03.08.

Dette betyr at følgande hovudpunkt vil verte realisert:
- For å verte kvitt overflatevann er det planlagt å legge ned 6 nye kummar og koble desse til det offentlege nettet.
- Asfaltere og legge tartandekke på løpebana.
- Setje opp nytt gjerde og nye portar rundt heile Stranda Stadion.
- Lage ein mur langs løpebana mot tribuna.
- Og generelle justeringer for å få anlegget finare.

Saka vil no verte sendt over til plan og byggenemnda for detaljplanlegging og realisering.

Når dette er realisert, vil vi få eit fantastisk anlegg til nytte for heile Stranda.
Det vil verte ein samlingsplass for barn og unge både på dagtid og kveldstid.

Stranda Stadion vil endre seg frå å v&aellig;re ein fotballstadion til å verte ein idrettspark med moglegheiter til fotball, springing, lengdehopp og andre aktiviteter.
Alle gruppene i Stranda Idrottslag vil få nytte av ei ny løpebane, det same gjeld alle skulane og personer som ønsker å ta seg ein løpetur på godt underlag.

Oppstart for prosjektet er ennå litt usikkert. Det skal vi garnatert komme tilbake med så kjapt noko rører på seg :)

TAKK til Stranda Kommunestyre og alle som har jobba med dette i kulissane.

Skrive av Ronny Ødegård, 27.03.2008 17:24
10 siste: