A-lag herrer: Stranda-Norborg er utsatt til onsdag kl. 1845. Stranda Stadion har ca 15 cm med snø, men trøbbel med traktor og litt nysnø søndag kveld gjorde att vi måtte utsette kampen.
Treningskampen skulle spelast 2.påskedag kl. 1600 på Stranda Stadion.
Snølaget klarer maskina på Stadion å moke vekk. Men problemet er att det må frigjerast plass til å legge snøen utanfor sidelinjene. Dette skulle ein traktor gjere påskeaftan. Heller ikkje 1.påskedag har vi fått denne traktoren i arbeid.
I tillegg har det så langt komt ca. 5 cm med nysnø. Det skal ikkje vere enkelt denne vinteren.
Dialogen med Norborg hadde vi søndag og dei forstår godt problema. I Haram har det faktisk komt rundt 20 cm med nysnø kan dei fortelle.
Også andre baner har problem med snø. På MSIL (ny kunst i 2007) si bane ligg det rundt 50 cm med snø.
Vi håper at Stranda Stadion skal vere snøfri iløpet av tirsdag.
Det skal også etter planen starte opp ein del treninger denne veka etter påske.
Fleire av dei yngste laga skal også starte opp sine aktivitetar.
Meir om Stranda Stadion, oppstart av nye lag, tropp A-lag herrer skal vi få lagt ut mandag.