Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Strålande Langfredag, men kvit bane!

Langfredag: Det vart ein strålande dag for vinterglade skifolk fredag. Det var ekstremt med folk ute i frisk luft på Strandafjellet:) Men Stranda Stadion var ikkje grøn slik vi hadde ønska! Det meldes om 2500 i trekka på Strandafjellet og n&aellig;rmare 4000 i området. Snøen på Stranda Stadion har sunket frå 30 cm til rundt 15 cm på to dager, men ikkje nok til at kampen Stranda-Stordal kunne reddast. Kampen Stranda-Norborg på mandag reknar vi med skal gå greit.


For dei som tok turen til Strandafjellet kunne ein sjå mange som kobla ut litt fotball med god fjell luft og eit strålandes v&aellig;r. Rundt 4000 var i området på Strandafjellet fredag. Ein kan trygt slå fast at vegar og parkering ikkje er beregna til slike utskeielser!
Rundt om i løypene kunne ein sjå fotballfolk frå mange klubbar rundt om på Vestlandet. Vi kan nemne dei som hadde profileringsutstyr på seg (dei vi husker då), Rollon, Spjelkavik, Valder, Brann, Tornado/Måløy, Sandane, Bergsøy, Langevåg, MSIL, Brattvåg, Sunnylven, Valldal, Stranda, ja faktisk FK Sykkylven også, Ravn og nokre vi ikkje husker på dette tidspunkt.

Stranda Stadion: Ja snøen har sunket frå 30 cm til 15 cm, men dette var nok for mykje ti at det kunne ryddast til lørdag.
Derfor vart Stranda-Stordal ikkje aktuell å gjennomføre.
MEN mandag skal bana vere fin og grøn. Det einaste problemet er at det er meldt ganske kaldt dei neste dagane. Lørdag skal det fr&aellig;sast rundt anlegget slik at det vert muleg å transportere snøen ut til sidene.

Thomas Hove i vedlikehaldsgruppa klarte fredag å lage eit felt som er grønt til trening i helga.

Andre i vedlikehaldsgruppa har lagt skia på hylla og reist til England for å bygge opp fotball adrenalinet rett før seriestart.
Dei som er på tur er visekaptein Endre Kjølås, Frode Andre Fausa, damesjef Frode Verpeide, Kenneth Korsbrekke, hovudoppmann Team A-lag Nils Espelund og Lars Ringstad. Lørdag skal dei sjå Bournemouth (Fausa sitt lag) redde plassen i League 1. Dei skal også til Newcastle og sjå ein eller annan kamp!

GOD PÅSKE :)

Skrive av Ronny Ødegård, 21.03.2008 21:25
10 siste: