Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Stranda har meldt på 33 lag

Sesongen 2008: Stranda IL Fotball har meldt på 33 lag til årets sesong. Dette er faktisk ein liten nedgang, men også ein sv&aellig;rt naturleg nedgang.


Slik er påmelding statistikken til Stranda for 2008:

Gutar:
12 år og yngre:
–> 19 lag.
12 år og eldre:
–> 6 lag.

Jenter:
12 år og yngre:
–> 10 lag.
12 år og eldre:
–> 4 lag.

Antall guttelag i 2008: 19 lag.
Antall jentelag i 2008: 14 lag.
Samla i 2008: 33 lag

Stranda har hatt eit snitt på 36 lag siste tre sesongane.
Stranda tettstad har desse fire åra vore på eit maksimal nivå mht. innbyggarar i tettstaden (3500) og kor store årskulla har vore siste åra.
Det har vore sv&aellig;rt ujamn fordeling mellom kor store gutte og jente kulla har vore hjå dei yngste klassene siste åra.

Fråflytting og tilflytting har vore ein liten årsak til statistikken i fotball.

Ringstad Skule og Helstad Skule soknar til aktiviteten for barn og unge i tettstaden.

I Stranda er det ein sv&aellig;rt stor aktivitet (allsidigheit) for aldersgruppa 8-16 år.
Av idrettar kan vi nemne:
- Fotball
- Handball
- Alpin
- Langrenn
- Snowboard
- Friidrett
- Volleyball
- Taekwondo
- Sykkel
- Motorsport

I tillegg har Stranda eit rikt kulturliv for barn og unge.
Stranda kjem godt ut på statistikkane til Sunnmøre Fotballkrets når det gjeld aktive i fotball pr. innbyggar.

Målet til Stranda Fotball er også å kunne samarbeide godt med andre aktivitetar som barn og unge er med på.

Når Stranda i 2006 hadde nesten to heile fotballbaner med kunstgras skulle ein tru at aktiviteten spratt ytterlege opp, dette skjedde ikkje. Noko av grunnen var at maksnivået var i taket. Men vi kan sjå at fleire enn før er i aktivitet på eigen hand, altså uorganisert trening og leik. Dette er vi sv&aellig;rt godt fornøgd med.
Vi kan sjå at mange uorganiserte voksne grupper er i aktivitet. Fleire kameratgjenger organiserer trening sjølve. hadde vi hatt meir ressurser å bruke så kunne desse vore med i seriesystemet. Men vi synest at for kommuna så må dette vere ein sv&aellig;rt positiv trend at fleire som har slutta med fotball eller aldri har spelt fotball, lagar seg nye miljøer i eit positivt og innhaldsrikt idrettmiljø. Noko ikkje alle i styresmaktene har sett verdien av ennå !!
Vi som kan oppleve dette til dagleg veit mykje om forskjellen på å vere ein del av eit idrettsmiljø eller ikkje del av eit idrettsmiljø.

Noko vi også skal huske på med gode treningsforhold er at det vert lettare og enklare å rekkruttere trenarar og ledarar når vi veit at alle får treningstid heile sesongen på “grønt gras”

Vi kjem med meir stoff om aktiviteten i klubben seinare.

Skrive av Ronny Ødegård, 19.03.2008 00:03
10 siste: