3. div kvinner: Tap for Stranda også i siste vinterseriekamp.
Det vart tap for Stranda også i siste vinterseriekamp mot Herd 2 laurdag ettermiddag. Den første omgangen var prega av oppjaga og upresist spel. Det meste av pasningar vart sende over hoftehøgde, og kampen likna meir på ein tenniskamp enn ein god fotballkamp. Herd var likevel best i denne omgongen, og skåra tidleg på ei kontring.
I andre omgong var Herd kjappe med å legge på til 2-0 etter eit hjørnespark. Men Stranda var mykje betre etter dette. Dei fekk ballen ned på bakken og fekk etter kvart til nokre fine gjennomspel på høgrekanten. Susann tok godt vare på ein av løpeballane, og skåra Stranda sitt første mål i 2008.
Vinterseriekampane er fine kampar til å prøve ut spelarar i nye posisjonar. Ungjenta Marte Slettebakk spelte høgreback i denne kampen og løyste oppgåva meisterleg. Marte Lundanes har vist seg som ein sikker stoppar og kjem nok til å jobbe godt i tospann med Tonje. Kristine, Linda og Renate er også gode backalternativ. Anna Lina er