Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Tøff helg venter!

Kvalifisering og vinterserie: Det vert ei tøff helg som står for tur, G16 og G19 skal ut i kvalifiseringskampar og A-lag herrer i vinterseriekamp. Januar har vore sv&aellig;rt så bra så langt :)


G19:
Skal ut i kvalifiseringskamp på lørdag.
Lørdag 26.01. 1315. Valder-Stranda. Sunnmørshallen
Juniorlaget har komt godt igang og er klar for sin første kvalifiseringskamp.
Tarjei L Tafjord og Bjørnar Hole går langrenn denne helga og er ikkje i troppen.

G16:
Har vunne sin første kamp forrige helg md heile 5-1 mot Emblem.
Søndag 27.01. kl. 1700. Aksla-Stranda. Sunnmørshallen.
Med siger i denne kampen kan laget ha ein mulegheit for å kvalifisere seg for 1.divisjon. Etter denne kampen venter sterke Hødd og Herd.
Dei to beste i kvar pulje, samt dei to beste trearane av fem puljer er kvalifisert.

SFK G16:
Sunnmøre Fotballkrets har kalla inn Fredrik og Anders Astad Sve til samling på CLS fredag kveld. Det er lenge sidan forrige gang, så dette vert spennande :)

Vinterserien herrer:
Stranda spelar sin første kamp i vinterserien mot Ørskog på søndag.
Søndag 27.01. kl. 1400. Stranda-Ørskog. Herdbana.
Stranda prioriterer denne helga kvalifiseringskampane for junior og gutar, så troppen vet nok uvanleg liten tippar vi.
Iver R Krohn gjer comeback, og han er i storform :)
Også Stig Tore Lied vert med i troppen, han er heime på perm frå milit&aellig;ret.
Slik det ser ut no så sparer vi Ronnie Furset, slik at han får ta av gipsen mandag (broten tommelfinger) A-lag herrer har hatt ein god treningsperiode så langt i januar og det er gledeleg sv&aellig;rt få skader og sjukdom.

Vinter-Stranda og januar:
Vi har hatt ein god januar. Halve månaden fekk vi oppleve grønt gras på Stranda Stadion. Så kom snødekket, men som kreative Strandarar så finn laga sine allsidige løysinger. Stranda har ikkje egna snørydding utstyr ennå, så hovudbana vert liggande med snø. Treningsfeltet vart brøyta tirsdag med gode resultat. Fredag kom regnet og nesten heile stadion vart lagt under vann!
Vi fekk rydda eit felt slik at det kunne gjennomførast trening før det på nytt lava ned med snø, vi veit ikkje frå dag til dag. Tolmodigheit og kreativitet er stikkorda.

I helga skjer det og vi kjem med referat frå alle kampane.

Skrive av Ronny Ødegård, 25.01.2008 00:00
10 siste: