Det er i underkant av ei veke att til Nattcup 2008 er i full gang i Strandahallen, og tradisjonen tru spår strandafotball.no utfallet av turneringa!

Årets deltakarlag er både på herre- og damesida ein fin miks av gamle travarar og nykomlingar. Vårt ekspertpanel har vurdert kvar einskild pulje, og tek for seg favorittane til vinnarpokalen til slutt.
Strandafotball.no sitt ekspertpanel består av eit medlem frå redaksjonen, sentrale aktørar frå herrelaget til Stranda samt ein spelar med erfaring frå fotball utanfor Sunnmøre.
PULJE HA
Lag: Prouberelite, Brødrene Hårklau, Barlia FK, Jim Traff Arrangør
Dett er kanskje den kvalitetsmessig svakaste gruppa i årets Nattcup, vi trur at Barlia FK går vidare som puljevinnar, med Brødrene Hårklau på ein god andreplass. Prouberelite og hybridlaget Jim Traff Arrangør møter god motstand i play-off - og stoppar på 4 kampar…
PULJE HB
Lag: Golden Goal, Fjellbu, Melk, Los Caballeros
Ser det sånn at Fjellbu og Los Caballeros kjem til å kjempe om å bli gruppevinnar. Los Cabarellos har ifølge nettsida loscab.tk henta inn ein Skandinavisk meister i futsal, og med det forsterka laget kraftig kontra fjoråret. Fjellbu vann Coca-Cola-cupen i Sunnmørshallen for ei tid attende, men det var på kunstgras, kan dette laget spele god fotball på parkett?
Melk kan overasske mange med rutinert eleganse, Golden Goal når ikkje opp i dette selskapet. Kanskje den hardaste gruppa dette her.
PULJE HC
Lag: Fc Walkover, Hoggorm, Systembolaget, Shadwell
Systembolaget overraska alle i fjor med sin andreplass. Vann også ein innecup i Volda er naturleg favoritt i gruppa. Hoggorm har eit stjernemannskap fullt av talent frå Hødd m.fl, men vi fryktar at dei ikkje fungerer godt nok saman. Laget treng nok meir rutine for å vinne Nattcup, men kan absolutt overaske mange. Shadwell har ifølge sjef Tomas Roset henta inn 1.div spelarar (men det gjenstår å sjå), pondus er det nok av - spørsmålet er om Shadwell har passert toppen? FC Walkover er og blir “fortapte”, dei skal ha for underholdning og innstilling.
PULJE HD
Lag: Stilongs, Barlia FK Bedrift, Raging Retards, Stabburet
Raging Retards blir gruppevinnar på cruise-control og oldboyslaget Stabburet vil kjempe om andreplassen. Viss Lennart Holmem stiller opp for Raging Retards er det ein bra sjanse for at toppskoraren for Nattcup kjem frå denne pulja. Barlia Bedrift har så langt i deira karriere vore best på underhaldning, spørsmålet er om dei kan overføre denne styrken til parketten? Martin Jelle Sylte blir i så måte ei viktg forsterkning.
PULJE HE
Lag: Panzer Fotball, Flipperdicks, Lacaos, Prim
Prim er av erfaring ein naturleg storfavoritt til å vinne heile turneringa, og skal såleis enkelt cruise gjennom denne pulja. Lacaos har henta gode forsterkningar sidan sist, og bør ta mål av seg til å utfordre Prim - sjølv om det blir tøft. Flipperdics er ein sterk utfordrar til 2.plassen i pulja, og vil uansett motstandar i play-off’en vere ei hard nøtt å knekke. Panzer Fotball skal vere det markant svakaste laget i gruppa og kan få problem sidan det er ei uttalt målsetjing å vinne kortstatistikken.
PULJE HF
Lag: Most Wanted, Vestnes Futsal, Barlia FK Farmers, Kappa Nova
Kappa Nova skal vere kjempefavoritt i ei relativt grei pulje for deira del. Har ifølge heimesida henta inn Holsvik fra Volda i troppen, som vil vere ei stor forsterkning. Kan laget med Malmo, Overå og Aal lukkast i år? Vestnes Futsal kan overraske mange i årets Nattcup, men det blir tøff kamp for romsdalingane mot relativt gode lag. Barlia FK Farmers er på hell; har blitt raida av Lacaos for spisstjernene Vangen og Furset, og må nok stole på talenta Hodzic og Dalen foran kassa. Fleire har gitt seg med fotball, kan hell og lukke hjelpe til`? Most Wanted har vore med nokre år og kan i gode stunder slå kven som helst.
PULJE DA
Lag: Team taskedyr, Gold Diggers, La Dolce Vita, Snaggblikkor, The easy score
Vi trur nok at Team Taskedyr blir gruppevinnar, men dei kan absolutt få kan få hard konkurranse av dei andre laga i gruppa.
PULJE DB
Lag: Barlia FK Babes, Spenstige Lår, Puyma Queens, Pretty fine maskindesign, Frustrerte fruer
Den hardaste gruppa av dei to. Spenstige Lår har vunne to år på rad og vil nok vinne i år igjen (og får dermed vandrepokalen til odel og eige). Barlia FK Babes og Puma Queens er utfordrarar.
Gamle travarar når lengst?
Av dei klare favorittane på herresida kan vi n&aellig;r sagt “som vanleg” utpeike Prim og Los Caballeros, sjølv om dei sistnemnde ikkje akkurat imponerte i 2007. Lacaos og Raging Retards er trygge kort til å nå kvarfinale (minst), men får nok hard kamp av Kappa Nova og Systembolaget. “Wild card” må gå til Hoggorm, som om dei har dagen, kan slå omlag alle av dei nemnde laga…
På damesida er Spenstige Lår gigantiske favorittar, med spelarar på toppnivå forventar garantert laget sjølv siger.