Også i 2008 blir kampen om Nattcup-tittelen gjort opp mellom dei gamle kjenningane Los Caballeros og Prim. Det trur i alle fall den avgåtte Nattcup-generalen Martin Espelund.

Avgått general.
Martin Espelund har i mange år vore ein sentral del av Nattcup-leiinga, for 2006 og 2007 var han såkalla “Nattcup-general”. Foran turneringa i 2008 har han ikkje lengre ei sentral rolle, men håper derimot på massevis av speletid på parketten for laget Lacaos.
- Eg vil tru at det i år igjen vil stå mellom Prim og Los Cabarellos. Kappa Nova, Lacaos og Systembolaget vil truleg knive bak, seier Espelund til strandafotball.no.
- Kva lag kan overraske?
- Av lag som kan overraske trur eg nok Hoggorm og Vestnes Futsal kan kome langt, medan toppskoraren kjem frå ei av dei svakare gruppene.
Eg vil tippe kanskje Lennart Holmem (frå haramslaget Raging Retards, red.anm) eller fjorårets vinner Stig Hovdal(Los Caballeros), avsluttar Espelund.