Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Fredrik og Anders tatt opp i A-stallen

A-lag herrer: Fredrik og Anders Astad Sve (15) er tatt permanent opp i Stranda sin A-stall herrer. Brødrene har fortsatt alderen for guttelag, men talenta deira er spennande.


Fredrik og Anders er 15 år og har eit år igjen som guttespelarar.
Dei har vore innom kretslag og bylag, men ikkje fått sjansen til å stabilisere seg på det nivået.
Stranda har uansett sv&aellig;rt stor tru på desse to treningsprodukta.
Dei får ein litt ulik kvardag i vinter. I januar, februar og mars skal Anders satse knallhardt i langrennsporet, han er av landets mest lovande i si klasse. Broder Fredrik velger å bruke mest tid på fotballen i denne perioden. Men dette betyr ikkje at dei vert sjeldan å sjå i perioden anten i langrennsløypene eller på fotballtrening.
Trening er ein stor del av kvardagen så det vert nok mange fotballøkter framover. Tenarane skal samarbeide om prioritering og planlegging av aktivitet for kvar veke. Og den utfordringa skal nok gå bra.

Draktnummer for Anders og Fredrik vert delt ut i januar.

Vi ønsker Anders og Fredrik velkommen til A-stallen herrer :)

Skrive av Ronny Ødegård, 28.11.2007 23:29
10 siste: