Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Dramatikken og spenninga sikra!

4.divisjon herrer: Bergsøy-Stranda 1-2 (1-1) Stranda sikra dramatikken og spenninga i toppen av 4.divisjon med denne sterke sigeren mot Bergsøy. I ein jamn kamp vann Stranda fortjent etter enorm innsats og høg moral i andre omgang.


Både Rollon og Godøy vann sine kamper, men i truleg lettare oppgaver på heimebane. Denne kampen var nøkkelen til Stranda sine sjansar vidare.

20.serierunde:

Herd-HaNo 4-0
Godøy-Norborg 5-1
Bergsøy-Stranda 1-2
Rollon-Sunnylven 5-2
Ørskog-Gursken/Larsnes 5-1
Åram-Stordal 3-3

Tabell:
1. Godøy: 43 p.
2. Rollon: 40 p. + 31
3. Stranda: 39 p. +30
4. Herd: 35 p.
5. Bergsøy: 33 p.

Stranda var beste laget i første halvdel av 1.omgang, heimelaget den andre halvdel før pause. Ikkje noko spesiell god forestilling, bortsett frå ein god Frank Sverre Skorpen på heimelaget. Martin Espelund var innvolvert i mykje positivt hjå Stranda. Stranda fekk ei pangopning med skoringa til Håkon Mikal Dalen (første kamp frå start i år) etter fire minutt. Etter dette hadde han ein kjempesjanse aleine med keeper til å gi 2-0. Også Ronnie Furset burda fått pirka inn skoring frå opent mål på bakerste stolpe.

Andre omgang såg vi at Stranda ville mest, men Bergsøy fekk to enorme sjansar som vi ga dei gratis ved feil i midtstopparsona. Thomas Hove redda begge i “verdensklasse” Omgangen skapte få mulegheiter forran mål, men når endeleg Erlend Langelo skora 2-1 målet var det fult fortjent for innan den tid hadde Stranda hatt fleire forsøk inne i målfeltet til Bergsøy.
I denne omgangen viste Stranda meir kreativitet framover utan å få den heilt store flyten. ENDELEG kunne Stranda oppleve å vinne (ta poeng) etter spelte 80.minutt. For når banens yngste (16 år) Erlend Langelo etter 83.minutt vart matcvinnar kjente alle adrenalinet gå til topps! Ein unik opplevelse for Erlend, han tok av som vi aldri har sett han før og laget fulgte på.
No var det å fullføre kampen utan feilskjer. Bergsøy fekk to avslutningar som gjekk over mål og Stranda hadde tre kanonsjanser på kontringer til å punktere. Tenk kor surt om vi hadde feila etter desse sjansane….

Eventyret i denne kampen gjekk vidare til garderoba og SSS,III,LLL, seier seier seier. Bussturen heim vart aldri for lang :)

No er vi i angrepsposisjon poenget bak Rollon og vi trur det må vere litt heseblesande å ligge å føre skuta med eit Strandalag full av sjølvtillitt rett bak.

Laget:
1. Thomas Hove, 90
2. Thomas Roset, 90
3. Endre Kjølås, 90
4. Kim Vangen, 90
5. Frode Hagebakk, 90
6. Martin Espelund, 90
7. Kent Runar Vad, 90
8. Erlend Langelo, 90
9. Espen Hove, 40
10. Håkon Mikal Dalen, 90
11. Ronnie Furset, 90

12. Lars Erik Opsvik
13. Bjørnar Nupen, 50
14. Gunnar Espelund
15. Fredrik Fausa

Poeng:
3 p: Martin Espelund
2 p: Thomas Hove
1 p: Frode Hagebakk

Kim Vangen kom rett bak med autoritet (vann alle hodeduellar). Og Erlend Langelo tok eit steg vidare fysisk i andre omgang.

Banens beste: Frank Sverre Skorpen, Bergsøy

Dommer: Øystein Ytterland, Valder. 8 p. Solid og imponerande av 18 åringen.
Trur faktisk denne karen kan komme sv&aellig;rt langt om han ofrar tid og lyst.
Kjempekjekt å sjå slik kontroll og spelefortståelse. Tippar observatør Oddbjørn Aam hadde mykje bra og seie etter kampen.
Trio: Solid + MEN Skorpen sitt mål var nok i offside og kunna øydelagt for Stranda!

3.divisjon:
Valder-Langevåg 1-7
Brattvåg- FK Sykkylven 2-3
Volda-Blindheim 1-1
Hødd 2-Spjelkavik 6-1
Ørsta-Hareid 1-7
Aalesund 2-Skarbøvik (mandag)

Truleg mista Brattvåg mulegheita til å verte avdelingsvinnar. Blindheim sitt første poeng på tretten kampar! kan verte avgjerande, Ørsta er berre tre poeng forran. Så lever Spjelkavik farlig med sine tre poeng forran Ørsta. Desse tre laga bestemmer rekkefølga på dei tre siste plassane i dei to siste rundane.

5.divisjon:

Skodje-Åmdal 2-6

Her kunna heimelaget nesten sikra ny kontrakt i divisjonen, men vil no kjempe til siste slutt ilag med FKS, Ellingsøy, Spjelkavik 2 og Ravn.

REFERATET frå kampen Skodje-Åmdal kan du lese på den U (uoffisielle) heimesida til Skodje. Dommar i kampen får ei heilside skittkasting for si gjennomføring av kampen. Uansett kor ille dette kunne vere i alles/enkeltes øyner, så er dette langt over grensa for kva som kan settast på trykk! Til ingen etterfølgelse av andre heimesider, berre så det er sagt.

Resten av runden spelast søndag. Vartdal og Vigra kan nesten sikre opprykk.

Skrive av Ronny Ødegård, 29.09.2007 22:11
10 siste: