Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Årets tøffaste kamp står for tur

4.divisjon herrer: Stranda reiser til Fosnavåg og møter Bergsøy i det vi meiner er årets tøffaste kamp! 20.serierunde: Bergsøy-Stranda lørdag kl. 1500 på Bergsøy kunstgras


Stranda reiser til den tøffe bortekampen med ein sv&aellig;rt redusert tropp.
Ingen mangler pga karantener, men skader er hovudoproblemet i troppen. Vi kunna stilt nesten eit heilt lag med desse som er uaktuelle. Frode Fausa brista eit ribbebein på treninga torsdag og går inn i den lange rekka……

Ja dette var det som vi ikkje får gjort noko med, så fokuset vert på den troppen som skal til Fosnavåg for å spele om tre poeng. Vårt hovudmål vert uansett tre poeng.

Bergsøy stiller truleg eit godt lag som vi har betrakta i heile år er det laget som spelar mest ballen etter bakken i divisjonen. Så har dei den spelaren som kanskje er den viktigaste for sitt lag, nemleg Frank Sverre Skorpen. Han gir jernet for moderklubben alltid.

Stor buss: Stranda har stor buss til Fosnavåg og plass til supportarar.
For dei som vil vere med er det oppmøte på kaia kl. 1045

20.serierunde:

Herd-HaNo 4-0
Bergsøy-Stranda
Rollon-Sunnylven
Godøy-Norborg
Åram-Stordal
Ørskog-Gursken/Larsnes

Skrive av Ronny Ødegård, 28.09.2007 19:31
10 siste: