3. div kvinner; Stranda tapte 3-2 (1-2)på Herdbana onsdag kveld, etter at dei to laga spelte best i kvar sin omgong.
Det var eit redusert strandalag som reiste til Spjelkavik denne kvelden, med fråver av blant anna Linda i midtforsvaret, og toppskårer Liv Hilde. Men dei 12 som var med kjempa godt heile kampen.
Etter berre 16 minuttar av 1. omgong skårer Merete etter eit fint innlegg frå Elisabeth, og det står 1-0 til Stranda. Stranda jobba bra heile omgongen, vann duellar, og prøvde på gode gjennomspel. Etter 30 minuttar får Caroline ballen i feltet og lobbar meisterleg over ein god Herdkeeper. 2-0 til Stranda.
Det som såg ut til å vere eit hyggeleg pauseresultat for Stranda vart dessverre endra til 2-1 like før pause når Herd lurer inn ein ball på eit langskot.
I andre omgong var Herd klart best. Dei var ballsikre og temposterke, og spelte seg gong på gong gjennom eit strandalag som etterkvart sakna fleire friske bein på benken. Etter 70 minuttar stod det 2-2 etter ei praktfull skåring av heimelaget. Dei fortsette å trykke Stranda bakover på bana, og 7 minuttar før slutt avgjer dei kampen med eit nytt raid på høgrekanten.
Synd for Stranda å tape ein kamp som dei starta så bra, men alt i alt var det nok fortent at Herd fekk 3 poeng.
Laget;
Vanessa
Anna Lina
Kristine
Tonje
Renate
Elisabeth
Merete
Marte
Beate
Caroline
Jannnicke
Susann
Poeng;
3p: Renate
2p: Beate
1p: Caroline