Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
God kamp av damelaget!

3.divisjon damer:Onsdag kveld møtte damelaget Valder, eit lag dei meinte dei skulle ha slått i vårkampen. Denne gongen vart det siger; heile 5-0 til Stranda.


Det var eit tent Strandalag som gjekk ut på Mona i det kjølege haustveret onsdag kveld. Kanskje spelte dei sin beste kamp så langt i år. Stranda trykte på frå start, og skapte mange gode sjansar. Midtbanespelarane var agressive og vann ballen høgt. Elisabeth storspelte på høgrekanten, og kom fleire gonger til gode innlegg. Spissane Liv Hilde og Caroline var bevegelege og aktive foran mål. Manglande presisjon i sistepasningane og avslutningane gjorde likevel at det stod 0-0 til pause.

I andre omgong var effektiviteten høgare, og måla strøymde inn. Elisabeth starta straumen med eit nytt “raid” på høgrekanten, og skåra så hurtig at nesten ingen fekk det med seg(!); 1-0.
Få minuttar seinare var Stranda sin beste spelar Caroline på skåringstokt 2 gonger; 2-0 og 3-0. Stranda fortsette å skape målsjansar. Liv Hilde kom gjennom fleire gonger men sleit dessverre med siste-”touchen”. Midtvegs i andre omgong skjedde det ikkje så mykje. Det vart mange innkast og avbrudd i spelet, før Stranda sette 2 mål til; eit flott langskudd frå Merete, og til slutt Caroline som laga sitt 3. mål for kvelden.

Det var med andre ord ein god kveld for Stranda. Midtstopparparet Linda og Tonje spelte sikkert og godt, Kristine og Anna Lina stoppa kantane til Valder. Det vart lite for keeper Vanessa å rydde opp i. Midbanespelarane kjempa godt og vann duellar høgt på bana.

Laget;
Vanessa
Kristine
Linda
Tonje
Anna Lina
Beate
Merete
Marte
Elisabeth
Caroline
Liv Hilde

Renate
Silje
Connie

Poeng;
3p: Caroline
2p: Elisabeth
1p: Marte

Skrive av Martin Utgård, 30.08.2007 11:35
10 siste: