A-lag herrer: Stranda leda 2-0 mot Langevåg frå 3.divisjon! Men ein total kollaps siste halvtimen gjorde 5-2 i favør Langevåg!
2.omgang var årsverste og ingen ting stemte siste halvtimen. På stillinga 1-0 og 2-0 kunna Stranda punktert kampen, men som mange gonger før på ein tomålsledelse så slapp Stranda motstandaren lett til.
1.omgang var ganske jamn, men Langevåg hadde nok litt fleire trekk når dei hadde ballen. Sjansemessig var heimelaget forran. Stranda leia 1-0 til pause.
2.omgang starta bortelaget best, men Stranda hadde dei største sjansane fram til 60.min og det var Ronnie Furset som skora glimrade til 2-0.
Men kva skjedde Langevåg fortsette å ha ballen og fekk god tid til å rulle ballen forran eit etterkvart baktungt og vaklande Strandalag. Problemet i denne perioden var slurvete press og når Stranda endeleg hadde ballen så vart alle pasningsforsøk misbrukt. Reduseringa til Langevåg var av ein Myhre spesial, keeper Opsvik var uheldig og mista ballen. Opsvik var meget god fram til denne missen, men slik er livet.
Laget:
1. Lars Erik Opsvik 90
2. Frode Hagebakk 65
3. Thomas Roset 80
4. Endre Kjølås 90
5. Bjørnar Nupen 45
6. Bjørnar Aure 90
7. Erlend Langelo 45
8. Kent Runar Vad 80
9. Frode A Fausa 45
10. Ronnie Furset 90
11. Kato Vangen 90
12.
13. Anders Tronstad 10
14. Steffen Lilleås 45
15. Espen Hove 30
16. Gunnar Espelund 25
17. Kim Vangen 45
18. Martin Espelund 45
Måla:
1-0: Kato Vangen, 22
2-0: Ronnie Furset, 53
2-1: Andreas Havnegjerde, 61
2-2: Knut Pettersen, 63
2-3: Knut Pettersen, 70
2-4: Knut Pettersen, 86
2-5: Bjarte Sagdal, 91
Poeng:
3 p: Ronnie Furset (flott mål og ein av dei med minst personlege feil)
2 p: Kato Vangen (flott mål og skapte sjansar)
1 p: Bjørnar Aure (god innsats og moral til trass for fleire balltap)
Skuffande dag på Stranda Stadion. Vi glimtar til med fleire flotte detaljar. Men vi huskar kampen for alle dei elendige pasningane. Vi skal uansett bruke tida fram til seriestart til å rette opp utviklingsområder.
Tirsdag møter vi MSIL kl. 1830 på Stranda Stadion.
Mandag 9.april: Stranda-FK Sykkylven
Fredag 13.april: Stranda-Stordal
Torsdag 19.april: Seriestart: Stranda-Sunnylven