Stranda spelte sin første kamp for vinteren og tapte 3-1 i ein jamnspelt kamp mot Rollon. Rollon vann fortjent etter å ha flest sjansar. Kent Runar Vad stod for eit flott mål og nedturen var Ronnie Furset sitt røde kort!
Stranda har slitt med skader og sjukdom i januar og bedre vart det ikkje etter slitasjer på fleire aktuelle frå junior kvalifiseringa lørdag.
Stranda hadde ein tropp på 15 spelarar og fleire nye i start oppstillinga samanlikna med hausten 2006.
Rollon viste seg om eit lag med stor innsats utan dei store profilane.
Kennet Ove Sunde debuterte som midtstoppar etter overgangen frå Langevåg.
Men vi trur Stig Monsen vil få på plass eit lag som skal kjempe om opprykkplassane i 4.divisjon.
Stranda fekk prøvt fleire spelarar utan så stor erfaring på laget.
Vi er ikkje tilfreds med dagens prestasjoner utanom å tenke på at vi spelte jamnt for kollegaen i 4.divisjon.
Måla:
0-1: Eit laust ufarleg skot skiftar retning og trillar inn ved stolpen.
1-1: Kent Runar Vad rundar ein mann på hjørnet av seksten og dundrar ballen i nettaket knallhardt. Flott mål.
1-2: Keeper Lars Erik Opsvik bommar på ei klarering og Rollon skorar enkelt
1-3: I siste speleminutt får vi ein skikkeleg markeringsvikt på bakerste stolpe og ei unødig heading gir Rollon sigeren.
Laget:
1. Preben Bjørdal 45
2. Anders Tronstad 70
3. Frode Hagebakk 90
4. Endre Kjølås 65
5. Fredrik Fausa 55
6. Bjørnar Nupen 55
7. Kent Runar Vad 90
8. Kim Vangen 90
9. Jan Kristian Behrentz 90
10. Ronnie Furset 60
11. Kato Vangen 80
12. Lars Erik Opsvik 45
13. Thomas Roset 45
14. Steffen Lilleås 45
15. Gunnar Espelund 45
Jan Kristian Behrentz debuterer på A-lag herrer.
Advarsel:
Ronnie Furset, rødt kort 60.minutt.
Poeng:
3 p: Kent Runar Vad (fysisk konge)
2 p: Jan Kristian Behrentz (enorm arbeidsmoral)
1 p: Preben Bjørdal (fleire gode parader)
PS: Jan Kristian Behrentz debuterer søndag. Hadde 180 minutt på to kampar i helga (junior lørdag) To store knagesår på begge føtter. Sto på enormt for laget utan ei einaste sur mine. Arbeidsmoral til terningkast seks.
Frode Hagebakk tilbake og hadde ein god kamp.
Valder i neste vinterseriekamp. Men Stordal på Stranda Stadion mandag 5.februar, kan det gå bra “herr vinter” ?