Stranda Fotball har fem vinterseriekampar denne helga. To på lørdag og tre på søndag. Dei mest spennande er nok kvalifiseringa til 1.divisjon for junior og gutar. A-lag herrer og A-lag damer spelar ordin&aellig;r vinterserie.
Det vert ei spennande helg for Stranda Fotball. Slik vert programmet.
Lørdag 27.01:
1530 Stranda-Volda Junior, Sunnmørshallen
1800 Stranda-Herd Gutar, Herdbana
Søndag 28.01:
1600 Stranda-Rollon A-lag herrer, Herdbana
1625 Stranda-Blindheim Gutar, Sunnmørshallen
1740 Stranda-Herd A-lag damer, Sunnmørshallen
Kommentar:
A-lag herrer:
Stranda spelar sin første kamp i vinter og Rollon er motstandar. Rollon har vore mykje i fokus siste tida både positivt og negativt. Sparking av junior trenarar og ansettelse av profilerte Stig Monsen. I tillegg har Rollon fått ein av dei beste spelarane i 3.divisjon i sin stall. Stranda stiller ikkje toppa pga. sjukdom, skader og ei prioritert fordeling med junior sin kvalifiserings kamp.
A-lag damer: Dette er ein rein vinterserie med tre lag, Herd og Valder skal vi møte. Herd har sikkert mange lovande spelarar. Også spennande å sjå korleis den nye trenaren Hilderun Søholt legg prioriteringane i sin første kamp.
Junior:
Dette er andre kvalifiseringskampen for Stranda. Siger 2-0 mot Blindheim i første kamp. Stranda stiller ein sterk tropp. Volda har eit ungt og godt lag som var heldig og møtte eit sterkt redusert Bergsøy lag. avdelinga kan verte avgjort på målskilnad tru vi!
Gutar:
Spelar to kampar i helga, fordi fleire av gutane skulle ha konfirmasjonshelg forrige helg. Men denne helga manglar nokre viktige profilar pga KM i langrenn i Surnadal. Ei stor utfordring for det unge guttelaget. Utvikling av spelarane kjem forran eit absolutt å kvalifisere seg seier trenarane Årvik og Kjølås. Kva klarer dei nest beste på guttelaget i helga?
Vi kjem selvfølgeleg med eit referat frå kvar kamp iløpet av lørdag og søndag.
Lykke til alle saman.