Stranda sin tradisjonelle sosialtur vert i sesongen 2007 lagt til Førde. Det er senior herrer som reiser weekenden 16-18.mars til Sunnfjord og møter Førde og Florø i treningskamper.
Stranda har hatt lange tradisjoner med å reise på sosialtur ein weekend kontra å bruke mange penger på treningsleir til utlandet.
I 2005 var turen lagt til Kristiansund. Fleire år har laget reist til Sogndal eller Årdal.
I 2007 er turen planlagt til Førde. Førde er den tettstaden med hyppigast utvikling siste tjue åra. Dei fekk bystatus for tre år sidan og har stor n&aellig;ringsutvikling. Siste året har eit nytt handlesenter med 70 butikker komt i tillegg til to senter frå tidlegare. Førde fekk kunstgras i 2002 og har tre 7-er kunstgras rundt om i byen. Klubben har hovudbane med gras. Klubben er også den største mellom Bergen og Trondheim med over 90 lag.
Denne turen har alt planlagt og detaljane er i boks. Vi reiser som vanleg med stor buss. Personer med spesiell interesse får vere med på desse turane i tillegg til A-lag stall og apparat.
Vi skal bo på Sunnfjord Hotell, eit hotell i s&aellig;rklasse.
Fredag 16.mars:
Avreise Stranda
Kamp mot ambisiøse Førde (3.div.) kvelden
Middag
Lørdag 17.mars:
Svømming
Kamp mot Florø (3.div.) på Eikefjord kunstgras. Førde kunstgras.
Tippekamp
Middag
Søndag 18.mars:
Søndagstur i byen
Heimreise
Fleire detaljar vert presentert spelargruppa seinare.