Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Toppidrettslinje til Stranda!

Slik planane no ser ut så vert ei Toppidrettslinje på Stranda ein realitet frå hausten 2007. Dette vil slå store ringvirkninger og positive vilkår for idretten både i Stranda tettstad og stadane rundt Storfjorden. I tillegg vert dette ei regional linje for dei største talenta innan vinteridrett i regionen (landet)


Vi må slå fast at dette vert ei toppidrettslinje for vinteridrettar som: alpin, langrenn, hopp, snowbord og kombinert.

Iniativtaker Charles Tøsse, ordfører i Stordal skal ha største &aellig;ra for at dette er komt langt i planlegginga. Men både ordfører i Stranda, Frank Sve er kjempegira. Det er ogsårektor Aud Folkestad ved Stranda VGS også. Idrettskrets og skikrets er kjempepositive noko som både Fylkeskommune og Olympiatoppen er.

Når dei største talenta i landet skal legge skule og toppidrett satsinga si til Stranda vert anleggsdiskusjonen eit viktig tema.
Dei mange og gode anlegga på Stranda som allerede er på plass vil lettare få rehabilitering og nye anlegg vil lettare kunne kome.

Strandahallen er bestemt skal rehabiliterast for 2 million. Kva ville det ha kosta og bygd på hallen i lengda mot grusbana (nok av plass) Eksempel utvidelse med to salar slik det vart seks salar. Då kunne det lettare kombinerast ballidrett på full bane (4 saler) og i tillegg var der alltid plass til alternative aktivitetar på dei to andre salane. Underetasjen ville kunne vere plass for mange alternativ. Skal ikkje drysse det ut her.

Uansett så vil Stranda stå sterkare mot midlar for både rehabilitering og nysatsing med toppidrett i kommuna. Noko vi meinar alle idrettane vil tene på kvarandre.

Vi ventar i spenning på fortsettelsen.

Skrive av Ronny Ødegård, 29.11.2006 17:42
10 siste: