Her kjem vi med ei oppsummering av alle arrangementa av Rica Parkett Cup denne hausten. I tillegg eit tilbakeblikk frå starten av inne -KM. Stranda har kvalifisert seg til sluttspelet i alle klasser, imponerande. GULL til jentene som høgdepunktet :) Og SØLV til G-14:)
Stranda har tradisjoner med å vere med i dei gode selskap, faktisk i mange ulike klasser, men det er jentene som virkeleg har vore medalje grossister i klubben sidan 1993.
1989: Første året KM innandørs vart arrangert vart senior herrer kretsmeister etter å ha vunne semifinalen mot Aalesund og finalen mot Skarbøvik. I januar 1990 deltok Stranda i regional NM turnering. Her tapte Stranda 5-3 mot Molde og Øyvind Leonhardsen. Stranda var “nesten” vidare til NM finalane etter å ha leia 7-1 mot Steinkjer, men på utrulegaste måte tapte Stranda 8-7!! Leda 7-6 sekunder før slutt, hadde vore nok med uavgjort! For ein opplevelse for vi som fekk vere spelar og supportar.
1991: Guttelaget tapte finalen mot Ørsta i Sulahallen: Finalen starta kl. 2210 søndag kveld!
1992: Første arrangement på Stranda. Bronse til smågutar. Bjarne Solbakken i troppen.
1993: Småjenter bronse på heimebane.
1994: Jentelag i finale
1995: Både småjenter og jenter i finaler i Voldahallen.
1996-1999: Jentelaget i finalen alle åra. To sigarar på heimebane. 1997 i Strandahallen med 400 tilskuarar og seier mot Volda på Sudden Death!
2000-2002: Fleire gutteklasser fekk medaljer. Juniorlaget tapte to finaler. 2002 tap 5-4 mot Aalesund og Joakim Austnes og Erlend Holm.
2003: Guttelaget Gull i Spjelkavikhallen. Småguttelaget sølv i Brattvåghallen.
2004: Damelaget sølv i Ulsteinhallen.
2005: Heile 7 medaljer i ulike klasser! Juniorlaget tap i finalen i Stordalshallen.
2006: Jenter gull. G-14 sølv. Juniorlaget missa finaleplassen etter ledelse 4-1.
Statistikk 2006:
Senior herrer: 2.plass i pulja. Godøy til sluttspel.
Junior herrer: 4.plass.Tap 5-4 i semifinale. Tap 3-2 i bronsefinale.
Junior damer: Tap i kvartfinale mot Hødd 2
J-16: GULL etter sgr 2-1 mot Hødd
J-14: To lag i kvartfinaler
J-13: Eit lag ut etter kvartfinale. Eit lag tap i semifinale og bronsefinale.
G-16: Tap på SD. i 16.delsfinale mot Sande
G-15: Tap på SD. i 16.delsfinale mot Skarbøvik 1
G-14: 2.plass. Tap mot Aalesund 4-3 i finalen.
G-13: tap i kvartfinalen mot Volda.
Sv&aellig;rt gode statistikker for Stranda sin lag. Vi har deltatt med fleire andre og tredjelag, men desse har stort sett vore ferdig etter innledande.
Så kan vi sette tre nye pokaler etter Inne-KM på hyllene. Men dei er fulle for mange år sidan, så utvidelse må til :)