KM for senior i Strandahallen gjekk som forventa søndag. Godøy og Brattvåg vidare til sluttspelet 9.desember i Voldahallen. Brattvåg imponerte og er favoritt til KM tittelen! Stranda var sv&aellig;rt n&aellig;r ein plass i sluttspelet, men kampen tidleg mot Godøy vart for svak.
Desse laga er klar for sluttspelet i Volda 9.desember.
Gursken/Larsnes 4.div.
Hareid 3.div.
Åram/Vankam 4.div.
Ørsta 3.div.
Blindheim 4.div.
Norborg 4.div.
Godøy 4.div.
Brattvåg 4.div
Volda 3.div. (gratisplass)
Som vi kan sjå så er halvparten av årets lag i 4.divisjon kvalifisert til sluttspelet. Eller ein annan måte å sjå det på 6 av 8 lag frå 4.div.
Våre to toppklubbar er ikkje med (Aafk turde ikkje melde seg på, eller er avhengige av at Trond Fredriksen tar tak!) (Hødd utslått) Skarbøvik, FK Sykkylven, Langevåg, Valder, Bergsøy og Spjelkavik er ute!
Volda tar vi ikkje med i statistikken, men tapte heile 10-1 mot Hareid og er uansett med i sluttspelet! Ravn vann mot Skarbøvik, men tapte seinare mot Hildre, kanskje burde Ravn også delta i sluttspelet? Nei tilbake til alvoret, ni lag skal spele sluttspel og vi trur Brattvåg er sterkast og med Gursken/Larsnes (no 5.div.) som ein outsider, utruleg nok.
Tabeller søndag:
Pulje C:
1. Godøy
2. Stranda
3. FK Sykkylven
4. Brattvåg 2
5. Ellingsøy 1
Pulje D:
1. Brattvåg 1
2. Valder
3. Stordal
4. Ørskog
5. Ellingsøy
NB! strandafotball tippa heilt riktig rekkefølga i begge avdelingane.
Brattvåg var suveren i pulje D. Stranda var n&aellig;r å kapre plassen til Godøy. Stranda hadde åtte pluss mål bedre enn vinnaren. FK Sykkylven hadde faktisk Godøy i kne i kampen Godøy vann 4-3.Men Stranda må uansett takke seg sjølve for tapet mot Godøy tidleg søndag. Litt surt at den venta puljefinalen vart spelt nesten før turneringa var starta!
Imponerte: Brattvåg
Forventa: Godøy, Stranda, Stordal, Valder
Under foventa: FK Sykkylven
Ustabile: Ørskog og Brattvåg 2
Svake: Ellingsøy 1 og Ellingsøy 2
Då står det igjen og ønske laga i sluttspelet lykke til :)