GULL til Stranda sine jenter i Stordalshallen! Dette er nyheita som klinger rundt på Sunnmøre søndag. Stranda Fotball GRATULERER :) Noko også den dyktige arrangøren Stordal IL gjer og ikkje minst finalemotstandar Hødd. Stranda vann den tette finalen 2-1. Keeper Vanessa Ryal var finalehelten.
Stranda tok KM GULL skriv Stordal IL på sin nettstad eit år etter at junior gutta tapte sin finale mot Hareid.
Eit feiande flott arrangement vart toppa med jamne kampar heile helga.
Hugo Antonsen jente sjef i Hødd hadde berre lovord frå KM, til trass for at laget hans tapte. Dette beviser stor grobunn og breidde i jentefotballen på Sunnmøre sa han.
Bronsefinalen vart vunne 2-1 av Herd 2 mot FK Sykkylven 2. Vi gratulerer Herd 2 med bronse og Hødd 1 med sølv :)
Kampfakta finalen:
Stranda 1 - Hødd 1 2-1
Tilskuarar: nesten fult. Stor koloni av Strandarar! Kjempeflott.
Mål: Christina Hagen og Caroline Ansnes
Laget:
1. Vanessa Ryal
2. Marte Lundanes
3. Christina Hagen
4. Connie Johansen
5. Linda Vågs&aellig;ter
6. Jannicke Gjerde
7. Caroline Ansnes
NB! Desse 7 jentene vart KRETSMEISTER 2006. Gratulerer :)
Turneringas beste spelar: Christian Hagen. Gratulerer :)
Ho spelte deffansivt i bana med stor autoritet og god pasningsfot.
Strandas toppskorar: Caroline Ansnes og Connie Johansen 6 mål kvar.
Fride Mørkeset, Guard 1 vart toppskorar med heile 17 mål.
Rica Parken Hotell, Ålesund er hovudsponsor for desse innandørs turneringane. Dei deler ut eit helgaopphald på eit valgfritt Rica hotell til ein som har gjort ein stor innsats for Gull vinnar laget. Denne utmerkelsen ville jentene gi til hovudtrenar Geir Koppang. Noko vi andre støttar fult ut. Den engasjerte tre barnsfaren har alltid fleire jern i ilden og står på over alt. God tur på hotell tur ilag med Lisbet :)
Vi skal ikkje gløyme dei andre i teamet som har støtta laget heile vegen.
Stor takk til dyktige oppmann Nina Johansen.
Fredrik Fausa (Mini) er den i trenerteamet som koordinerer aktiviteten frå treningstider, beskjeder og treninger og kamp. Samtidig som han er A-lag spelar. Frode Verpeide som har vore koordinatoren rundt damefotballen på Stranda har vore ein god støttespelar også for jentelaget. Han har hatt hovudjobben på junior damer, men støttar opp og hjelper til med utviklinga av breidda for jentefotballen i klubben. Takk til ALLE fire :)
Vi skal også ta med at Stranda er av den store medaljegrossisten i jente fotball siste tolv åra (Inne-KM) Men dette GULLET smakte kanskje ekstra godt no som breidda på Sunnmøre er så stor.