Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Bama Bend It Cup på lørdag

Stranda arrangerer i samarbeid med NFF og SFK Bama Bend It Cup på lørdag 30.september. Det vil verte stor aktivitet med rundt 300 spelarar frå 10.00-15.00 fordelt på fem baner.


Bama Norge har gått inn med store ressursar, og det er ein imponerande utstyr og fruktpakke dei bidreg med inn mot turneringa som er for gutar og jenter frå dei yngste og fram til tolv år.

34 lag deltek. Vi kan nevne: Stordal, NEG, Valldal, VRF, Stranda, MSIL, Sykkylven og Herd som deltakande lag.

Vi håper at dette kan verte ein fotball dag for heile familia.

Stranda Stadion lørdag 30.september kl. 10.00-15.00

VELKOMMEN :)

Skrive av Ronny Ødegård, 27.09.2006 22:35
10 siste: