Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Tre mål imot på tre minutt!

Stranda tapte 3-2 i bortekampen mot HaNo lørdag! Kjempesurt når vi leder 2-0 tidleg i andre omgang! Så kjem ufattelege tre mål imot på tre minutt!


Vanskeleg bortekamp mot eit HaNo lag som er gode på heimebane.
1.omgang køyrer heimelaget eit forykandes tempo på ei regntung og nyklipt grasmatte. Vi var glade for 0-0 til pause då heimelaget var n&aellig;rmast ledelse.

Vi nullstilte alt i pausa og var einige om å sette HaNo under stort press. Dette klarte vi og starta fleire gode angrep frå avspark. Så i 53.minutt kjem Steffen Lilleås rundt på høgrekanten og legg ballen flott inn forran mål, der kjem Ronnie Furset og stuper ballen i mål, glimrande.
I 55.minutt slår Espen Hove presis corner på fremste stolpe og Stig Tore Lied stangar ballen i n&aellig;raste kryss, 2-0 og ekstase i laget. Også dei to familiane i eigne bilar hadde tatt den lange turen ut på Nordøyane kosa seg så langt. Vi takkar dei for støtta:)

Vi køyrer to nye gode angrep utan mål, men så kjem reduseringa, Aril Ravnøy på b&aellig;rtur ute ved cornerflagget der Hano klarer å få ballen ut i feltet og ein spelar setter ballen i ope mål! Horribel tur av keeper Ravnøy, samtidig som tre av våre ikkje dekker det opne målet! Dette skjer i 57.minutt. Dei neste to minutta vert sikkert i Guinnes rekordbok, to nye Hano mål! Eit sleiv innlegg går mot bakerste stolpe der vi skal ha full kontroll, men to av våre ser at ballen går inn. Seiersmålet kjem når heimelaget avklarer ein lang ball mot Ravnøy som enkelt skal plukke ned ballen, men han mistar ballen (laust og presist) ned på ein overaska Hano angripar som stangar inn målet. Fortvilande tre tabbar og mål imot på tre minutt!
Kampens siste 30 minutt er laga likestilte. Espen Hove tar frisparket på overtid frå 19 meter. Den legger han glimrande plassert i tverrliggaren. Thomas Roset bommar på hodestøtet for opent mål i returen.

I siste sekund får Aril Ravnøy sin verste A-lags kamp opplevelse då han får direkte rødt kort av dommar Atle Moldskred! Forøvrig heilt riktig av den gode dommaren. Vi har satt opp alle på ein dødball, på avklaringa kjem ein Hano spelar aleine med Ravnøy som møter i duell på 25 meter, han kjem litt seint og utvisninga er eit faktum. Vi reknar med det vert ein kamp karantene.

Hadde vi klart tre poeng denne dagen så ville vi vore i teten, no er vi sju poeng bak.

Kristian Smoge debuterte siste tjue minutta av kampen. Han er siste års guttespelar.

Laget sprang mykje og hardt, det skal vi ikkje klage på denne gongen. Vi skorar to flotte mål, men når skal vi unngå tabbane i feil ende?

Laget:
1. Aril Ravnøy
2. Stig Tore Lied
3. Kim Vangen
4. Thomas Roset
5. Joakim Relling
6. Geir Magne Lied
7. Yngve Midthjell
8. Kent Runar Vad
9. Steffen Lilleås
10. Ronnie Furset
11. Espen hove

12.
13. Fredrik Fausa
14. Gunnar Espelund
15. Kristian Smoge (benytta)
16. Tom A Kammen

Poeng:
3 p: Kent Runar Vad
2 p: Thomas Roset
1 p: Kim Vangen

Midtbane spelarane Geir Magne Lied og Yngve Midthjell sprang mykje og godt.

No gler vi oss til å skjerpe inn til dei to heimekampan mot Norborg og Godøy som vert spelt på fotte Dalemyra (Velledalen)

Skrive av Ronny Ødegård, 25.06.2006 22:16
10 siste: