Som dei fleiste veit, arbeider ein med å legge om frå naturgras til kunstgras på Stranda stadion. Her er ein “stemningsrapport” frå 22.06.06!
Det som til no har blitt gjort, er at toppdekket (grasmatta) på bana er fjerna, no arbeider entrepenøren med å planere før meir masse skal fyllast på.
I tillegg har ein gjort grunnarbeid der fundamenta for flomlysa skal vere.
(Alle foto: Martin Utgård)

