Stranda tapte 3-2 mot Norborg på Brattvåg kunstgras torsdag kveld.
Ved pause var stillinga 2-1 til Norborg. Thomas Roset og Espen Hove skora for Stranda.
Stranda hadde på plass igjen mange som har vore frav&aellig;rande med skade og sjukdom i februar. Men fortsatt er ikkje stallen optimalt disponibel.
Status trening:
I januar hadde vi ein kanongod månad. Mange på trening, lite skader og gode treningsforhold både inne og ute.
I februar fekk vi ein ekstrem periode med sjukdom og skader. Skader er selvfølgeleg det verste,men det ser ut til at dei fleste skal klare å restituere seg før februar er ferdig :)
Vi har hatt 37 treninger pr.22.02. Ronnie Furset har ALLE, kjempeflott.
Kampen mot Norborg var vi ikkje fornøgd med.
Men vi kan seie med ein gong, at mannskapet Norborg har i sin stall, vil og bør kjempe i toppen av 4.divisjon. Dei har hatt same gjengen i mange år og innehar både rutine og ungdom. I tillegg har dei spelarar med ekstrem ferdigheiter.
Største utfordringa for vårt unge mannskap, vert å skulere dei enkle individuelle taktiske vurderingane. Dette gjeld både med og utan ball.
Gjennomsnittet på dei som spelte i startoppstillinga i går var 20,5 år!
Laget:
1. Aril Ravnøy
2. Stig Tore Lied
3. Thomas Roset
4. Endre Kjølås
5. Joakim Relling
6. Martin Espelund
7. Yngve Midthjell
8. Ronnie Furset
9. Kent Runar Vad
10. Espen Hove
11. Steffen Lilleås
12.
13. Anders Tronstad
14. Kato Vangen
15. Iver Krohn
16. Fredrik Fausa
Mvh.
Ronny