
Som strandafotball.no tippa, var fyrstelaget til Stranda mellom dei aller,aller beste laga i kretsen når det gjeld innefotball. Laget tok seg til finale utan poengtap i det heile, men vart overmanna av Hareid og tapte 6-2… Uansett fantastisk innsats av eit ungt men ubeskriveleg talentfullt lag!!

Stranda 1 vann som kjent alle sine innleiande kampar (sjå eiga sak publisert fredag), og fortsette der dei slapp i mellomspelet i dag. Kampane mot Spjelkavik og Bergsøy blei vunne med stor iver og innsats, samt tidvis supert forsvars- og angrepsspel.
I kvartfinalen var det Stranda som førte an mot fysisk sterke Godøy/Vigra, diverre utlikna øylaget 20 sekund før full tid! Heldigvis tok Stranda seg vidare til semifinale ved hjelp av Steffen Lilleås, som avgjorde sikkert ved hjelp av “golden goal”!
I semifinalen møtte Stranda Herd, som tidleg synte seg fram som ein av favorittane. Bylaget fann aldri rytma, og ein imponerande Iver Krohn avgjorde kampen med to flotte raid og påfylgjande skoringar…
Hareid vart altså for sterke i finalen, trass i stor spaning midtvegs. Då hadde Hareid leia 3-0, før Stranda reduserte to gongar. Diverre missa Stranda på nokre gode sjansar, før hareidsdølingane auka på til 4-2 - her vart finalen avgjort. Stranda var sjeldan heldige med dommaravgjerdslene denne kampen, dei litt…famlande…avgjerdslene var vel likt fordelt på begge lag uansett, men nemnast må det nok!
Fantastisk oppleving
Fleire hadde teke turen frå Stranda for å fylgje laget, mellom dei var juniorspelar Eivind Rønneberg - han kommenterte innsatsen til Stranda 1 på denne måten:
- Eg er stolt over det gutane gjorde! Det var kjemping til siste slutt! Diverre vart det ikkje gull, men sølv er å vere stolt av… SVRT imponerande kretsmeisterskap av laget!
strandafotball.no stiller seg sjølvsagt bak orda Rønneberg nytta, ikkje mindre enn utruleg at lille Stranda med nokre få tusen innbyggarar kan stille lag som er på linje med, og faktisk langt betre enn “kanonene” på Sunnmøre (Herd, Aafk, Hødd). Ikkje mindre fantastisk er det at INGEN av dei ni spelarane på laget var sisteårs-juniorar denne sesongen, vi satsar på at same utvalde tek gull allereie neste år?
Kampane
Her er resultat i alle kampane Stranda 1 spela denne helga:
INNLEIANDE KAMPAR
Brattvåg 2 - Stranda 1: 1-3
Stranda 1 - Skodje: 6-2
Aafk 1 - Stranda 1: 4-9
MELLOMSPEL
Stranda 1 - Bergsøy: 5-2
Spjelkavik 1 - Stranda 1: 1-3
KVARTFINALE
Stranda 1 - Godøy/Vigra: 5-4
SEMIFINALE
Herd 1 - Stranda 1: 2-5
FINALE
Stranda 1 - Hareid: 2-
Oppsummering
Strandafotball.no tykkjer at Stordal IL arrangerte eit heilt greit kretsmeisterskap denne helga. Pluss for flott hall, god kiosk og generelt greit opplegg denne helga. Enkelte minus MÅ berre nemnast, det mest graverande var nok høgtalaranlegget, som vendte vekk frå tilskodarane - kombinert med s&aellig;rs lågt lydnivå vart det tidvis umogeleg å høyre kva speaker sa.
Alle resultat og tabellar finn du her: stordal.nu/juniorkm