Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Stranda 1 vann alle; - Lied strålande

Stranda 1 vann alle sine kampar med trygge siffer, og stiller såleis opp i mellomspel i Stordalshallen søndag, med best mogeleg utgangspunkt. Som vi trudde, leia Stig Tore Lied an - både i forsvar og angrep.

Stig Tore Lied: Var den KLART beste spelaren i Stordalshallen fredag 25.11 !

Laget opna med 3-1 siger over Brattvåg 2, utan at det var noko å juble for. Laget spela ikkje spesielt bra, s&aellig;rleg i det defensive var det mykje å rette på for trenar Endre Kjølås.
Kamp nr 2 var stort sett einvegskøyring mot Skodje, trass nokre svake baklengsmål var det n&aellig;rare 10 mål til Stranda enn at Skodje skulle få 3…

I puljefinalen mot Aafk 1 var enno betre av Stranda, her var det etter nokre spente minutt ikkje tvil om kvar sigeren hamna til slutt! Når sjølv spiss Kato Vangen skora nokre mål mot slutten, er strandafotball.no ikkje i tvil: Det blir eit stort juniorKM for Stranda!

Alle resultat og målskorarar finn du her: http://stordal.nu/juniorkm

Stig Tore Lied fantastisk
Den spelaren som leia an i angrepsbølgjene til Stranda 1, var liabygdaren Stig Tore Lied. Som strandafotball.no spådde vart han sentral, med imponerande forsvarsinnsats og drivande framspel og avslutningar offensivt, var han den beste spelaren av alle i Stordalshallen!

Strandafotball.no sin ekspert, Eivind Rønneberg, såg alle kampane til Stranda 1 denne kvelden, og kommenterte innsatsen til Lied såleis etter kampen mot Aafk 2
- Lied var ein draum å sjå på.

Enkelt og greit. Strandafotball.no fylgjer juniorKM!

Stranda 2 laurdag
I morgon spelar andrelaget, som vi altså har lite trua på, 3 strake tap og mange baklengs blir fasiten. Eller?

Skrive av Martin Utgård, 26.11.2005 00:08
10 siste: