Stranda 2 tapte “som venta” alle kampane i årets Rica Parkett Cup G19, likevel synte laget s&aellig;rskilt siste kampen gode tendensar. Men som alltid: Laget “kom igang” for seint!
Turneringa starta på verst mogeleg måte, med 2-10 tap for Emblem/Blindheim. Trass flotte mål av Eivind Rønneberg og Martin Utgård (sitt fyrste for sesongen), var det enkelt og greit håplaust. Knapt ein einaste vunnen duell ga bylaget lett spel. Norborg 1 var neste motstandar, også denne kampen enda med tap - 5-2. Her synte laget, spesielt defensivt, at ein ikkje var så håplause som alle tilskodarane under fyrste kampen fekk sjå.
Betring mot HØDD!
Siste kampen i denne turneringa var mot Hødd 2. Her tok Stranda leiinga, og hadde tidvis god kontroll på ulsteinvikarane. Det enda som sagt også her med tap, men det skuldast 4 frispark frå farleg posisjon til Hødd… Alle blei det mål på… Bortsett frå desse frisparka var det Stranda som dominerte, heller blaserte høddspelarar måtte sjå at dei i (korte) periodar vart overspelt av umeriterte og knalltøffe strandaspelarar. Det enda med 3-6 tap, men det var på ingen måte ein fortent siger til Hødd 2, her burde og kunne Stranda ha skora 5 mål til!
Stranda 1 spelar tidleg søndag mellomspel, her ligg alt til rette for fleire nervepirrande og velspela kampar! Følg JuniorKM på strandafotball.no!