Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
- Fyrstelaget bør greie kvartfinale

Trenar for smågutelaget, a-lagsspelaren Espen Hove seier fylgjande i ein kommentar til juniorKM: - Fyrstelaget bør minimum greie ein plass i kvartfinalen!

Stig Tore Lied: Må spele bra om juniorlaget skal vinne inneKM!

- Laget bør greie ein plass i kvartfinalen, fara er om dei ryk ut i innleiande spel!
Dette seier Espen Hove i ein kommentar til Strandafotball.no rundt juniorlaget sine sjansar i JuniorKM.

Stig Tore bør syne storform
Strandafotball.no trur at sv&aellig;rt mykje blir avgjort av kva form forsvarsspelar Stig Tore Lied syner på golvet i Stordalshallen.
Kristian Skaar, som hadde plassen Lied overtok etter ferien på juniorlaget (Skaar reiste til Bergen for studiar), ser på Lied som nødvendig, men risikabel:
- Eg trur at Stig Tore kanskje tek vel store sjansar, og at om det ikkje blir uttelling når han avanserar framover, kan det lett bli mål imot.
- Korleis trur du det går med Stranda 1 og Stranda 2 på inneKM?
- Fryktar at Stranda 1 går på ei “mine” i innleiande spel, men elles bør det minimum greie semifinale, ut i frå det eg har høyrt. Trur ikkje at Stranda 2 greier seg så godt, men om forsvaret held saman, så kan dei nok gjere det tøft for motstandarane…

Skrive av Martin Utgård, 25.11.2005 16:30
10 siste: