Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Ødegård tek over a-laget

I dag vart det offisielt klart: Ronny Ødegård er trenar for a-laget til Stranda neste sesong. Dette blir fyrste sesongen som A-trenar på Stranda, trass mange år som trenar i klubben.


Ronny Ødegård er utdanna C-trenar, og per dags dato tek han D-trenarkurset i regi av Noregs Fotballforbund, saman med til dømes Henning Berg. Som trenar har han i mange år hatt ansvar for lag i Stranda IL, til dømes gute-, jente-, junior- og damelag. I 2004 og om lag heile denne sesongen var Ødegård hovudtrenar for FK Sykkylven, med til dels bra suksess på andre sida av fjellet.

Framføre sesongen 2006 fekk Ødegård mange tilbod, mellom anna frå Stranda, og til Sunnmøringen seier han at det var evnt pendling som avgjorde valet:
- Eg har motteke jobbførespurnader frå fleire klubbar på Sunnmøre sidan i sommar, men omsynet til å sleppe å pendle, gjorde at eg valde Stranda.

Kven Ødegård får med seg i støtteapparatet er enno uklart, det kjem vi tilbake til ved eit seinare høve.
Strandafotball.no er spente på kva Ødegård kan utrette med eit lovande lag med mange unge spelarar, og ønskjer han sjølvsagt lukke til med jobben han skal ta til med: Å få Stranda tilbake i 3.divisjon!

Skrive av Martin Utgård, 27.10.2005 21:50
10 siste: