Torsdag kjem Reidar Vågnes og deltek i prosjektgruppa. “”Berre” treninga er open for alle, den er 17.45-19.15 på kunstgrasbana. Vi oppmodar dei med interresse om å vere tilstades på treninga.
Prosjektgruppa består av 18 spelarar frå Stranda (-90,-91,-92) Denne gruppa vart tatt video av ved første økt tidleg i oktober. Så har dei hatt ei påvirkningsøkt forrige veke. No vert det ny påvirkningsøkt, leda av Vågnes og Ødegård.
Ronny Ødegård har starta denne gruppa i forbindelse med sitt trener-III (D-kurs) besvarelse. Gruppa skal ha påvirkning over tid, før den siste økta vert filma igjen.
NB! Alle spelarane møter opp på kgb kl.17.30 til oppvarming. Thomas Roset tek oppvarminga.