Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Aalesund kom med “toppa” mannskap

I 3.divisjon kampen mellom Stranda og Aalesund 2 på tirsdag fekk Stranda bank av eit “toppa” Aafk mannskap! Heile ti spelarar frå A-stallen var i oppstillinga. Dette ga eit 7-1 tap, etter 3-1 ved pause.


Tonny Åsen reduserte til 1-3 rett før pause. kampreferatet kan du lese på margen til høgre på sida.

Aalesund toppar tabellen foran Spjelkavik og Volda. Skulle Aafk vinne avdelinga, så må vi kanskje vente ei stund før kvaliklaget frå Sunnmøre er klart. For det siste SFK har sendt ut til klubbane, er nemleg at vist Aafk rykker ned frå Tippeligaen, så kan ikkje Aafk 2 spele kvalifisering om 2.divisjon. Då får laget frå Sunnmøre som er nr.2 muligheiten.

I bunnen av tabellen er dramaet kanskje større! Fire lag skal kjempe om ståplassen(anne) i dei siste fire serierundane. Bergsøy og Blindheim har 13 poeng, medan Stranda og Ørsta har 14 poeng. Om Aafk sine lag vert innvolvert i opprykk frå denne avdelinga og laget i Tippeligaen om nedrykk, kan Stranda måtte vente til langt ut i november før ein veit kva divisjon laget skal spele i sesongen 2006! På fredag kan Stranda gjere mykje i avgjeringa av ny kontrakt, då Hareid kjem til Stranda Stadion.

Altså fredag 2.september 18.30 på Stranda Stadion: Stranda-Hareid

Skrive av Ronny Ødegård, 31.08.2005 17:18
10 siste: