Stranda Fotball vil med dette takke Martin (Utgård) for ein framifrå jobb i oppretting og utvikling av denne flotte sida til strandafotball.no Sida har vore i stor utvikling heilt sidan første dag, og mest av &aellig;ra skal Martin ha ilag med flittige sponsorar.
Vi i Stranda Fotball må no prøve å oppretthalde den gode stilen og kontinuiteten som har vore så langt.
Stranda har heile 37 lag og er ein kjempestor organisasjon som krev mykje ressursar. Derfor vil vi alltid ha mykje stoff å legge ut, mest sannsynleg kvar dag. Men for å få dette til krev det stor kommunikasjon tid til å legge ut sakene.
Vi vil kome tilbake med vidare utvikling og prosedyrer for korleis sida skal sjå ut etter at Martin no flyttar frå Strandabyen.
Til slutt: Lykke til vidare Martin, samtidig vil vi tru at du er ein plass i systemet til trass for at du no vert lengre frå heimstaden.
GOD SOMMAR til alle strandafotball lesarar :)