Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Vemodig avskil

Sidan strandafotball.no vart oppretta og starta for over to år sidan, har det blitt publisert heile 689 artiklar - ikkje så alt for langt unna ein per dag. Flesteparten er det underteikna som har skrive - og det er ikkje utan vemod at eg med denne, siste artikkelen takkar av som redaktør for strandafotball.no.


Utan å skulle repetere alt for mykje frå den høvesvis korte historia til sida, skal det vere sagt at eg aldri trudde dette kom til å ta så mykje tid! Men, referering, utvikling av tekniske løysingar, design av sida og så vidare har til tider teke adskillige timar av døgeret til ein student…

Personleg er det vel heller tvilsamt om eg nokon gong kjem til å bo på Stranda meir, milit&aellig;ret og studietid er i anmarsj. Difor er det greit å vite at ein i miljøet har personar som er s&aellig;rs interesserte og opptekne av framtida til ein av dei leiande klubbane i Sunnmøre Fotballkrets! Eg håper såleis at eg ved å vere flittig brukar av strandafotball.no vil få det som er av aktivitetar referert - automatisk er ein litt n&aellig;rare heimstaden då.

For å gjere denne sekvensen kort, vil eg enkelt å greit takke alle lesarane (per dags dato om lag 200 i snitt per dag!) for interessa for strandafotballen, og samstundes be om at den som tek over kanskje gjer enda meir for å få Stranda Fotball ut til folket enn eg har gjort.

Ein forhenverande redaktør i feriemodus takkar med dette av.
Med vennleg helsing Martin Utgård

Skrive av Martin Utgård, 11.07.2005 14:10
10 siste: