Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Valder siste før sommarferie…

Stranda møter fredag Valder på Valdervoll i den siste kampen før fotballferien startar - ein kamp som KAN føre Stranda lengre unna botnstriden.


Stranda har hausta 4 poeng dei siste to kampane - mot laga i botnen av tabellen (bak Stranda) - Bergsøy og Blindheim/Emblem.
Valder ligg per dags dato på 8.plass, med “berre” seks poeng meir enn Stranda. Laget speler ein gjennombrotshissig stil, ofte med lange pasningar i bakrommet til motstandarforsvaret - retta mot Tom-Gøran Jønsson.

Han er saman med midtbanegeneralen Steffen Oksnes Elde dei mest markante spelarane på lag. Desse to igjen, utgjer saman med Roar Rørvik (tidlegare Vigra) og Tommy Andersen sentrallina til laget - som er meget god.
Laget har mange unge, talentfulle spelarar - og satsar knallhardt på å la desse spelarane få ta del frå start av i A-kampane.

Stranda har til denne kampen fått litt sjølvtillit, etter nokre kampar utan tap. Samstundes har spelarar som Geir Magne Lied, Thomas Melgårdsbakken, Thomas Hove (tilbake frå skade) og Tonny Åsen skapt “ro” i laget, dette er spelarar som har eit høgt nivå - etter vår meining god 3.divisjonsstandard (om ikkje høgre…). Sist kamp hadde Stranda rett og slett god kontroll på bylaget Blindheim/Emblem, med klart forbetra forsvarsspel berre sidan kampen før (Bergsøy). Vi trur at Geir Magne Lied var den store forskjellen, god hjulpen av Mersad Hodzic sin inntreden i forsvarsrekka.

Vi trur på ein knalltøff kamp, som heimelaget er store favorittar til å vinne. Men, om det offensive spelet fortsett der det stoppa sist kamp, med Jesper Petersen i “hovmesterrolla” - kanskje saman med Tonny Åsen på topp, då er det ikkje usannsynleg at minimum eit poeng kan sikrast..
Og dersom Stranda vinn, er ein berre tre poeng bak motstandarlaget…

Skrive av Martin Utgård, 30.06.2005 12:50
10 siste: