Juniorlaget til Stranda møter i dag Ørskog/Stordal på heimebane, dette er kampen som ved pause signaliserer at halvparten av speleminutta for juniorlaget i 2005 er unnagjort…
I høve til laget mot Norborg sist (svak innsats, - og tap), er laget forsterka i fleire ledd. Vangen-brørne er klare, Martin Utgård stiller - i tillegg til at fleire har fått noko kvile og er “fit for fight”.
Dette er eit topp-mot-botn oppgjer, der Stranda normalt sett BØR gå av med sigeren. Likevel veit ein at ballen er rund, og at full innsats må til for å kapre tre poeng i dette nabooppgjeret.
Møt opp og støtt heimelaget, kampstart kl 18:30!