Stranda spela uavgjort med Bergsøy på Stranda stadion i dag, etter sjansar og spel i grunn eit heilt ok utfall. Stranda var klart best før pause, medan Bergsøy var førande etter.
Stranda hadde mange og store sjansar før pause, og burde ha gått til pause med ei tomålsleiing, diverre ordna svakt forsvarsspel ei redusering. Like etter avspark frå pause utlikna Bergsøy, men det var tydeleg at det var to botnlag som var på Mona i dag. Store målsjansar blei misbrukte, pasningskvalitet på smågutenivå og elles sv&aellig;rt uryddig (spesielt) defensiv struktur på begge lag gjorde sitt til ein ganske så spanande kamp.
Hove god
Keeper Thomas Hove redda Stranda frå tap med fleire flotte redningar, og var saman med kaptein Tomas Roset og spiss Tonny Åsen dei som utmerka seg positivt på heimelaget. Redaksjonen synest likevel at forsvarsspelet var veldig variabelt, og sidebackane til Stranda i så måte uheldige med delar av kampen. Uansett, det var viktig at Bergsøy IKKJE vann når Stranda ikkje greidde å vinne, Blindheim/Emblem er neste motstandar; ein nøkkelkamp i botnstriden også det.
Spiss på plass
Som sagt var Tonny Åsen god, ein kunne raskt sjå at det heva Stranda å ha ein rutinert, fysisk sterk og rask spiss med målteft på topp. At han missa på nokre GODE sjansar får så vere, viktigare er det dei poenga han vil skaffe Stranda fram til serieslutt.
Relaterte lenker
Referat frå kampen (LIVE) Stranda-Bergsøy