A-laget spelar sin fyrste seriekamp for sesongen i dag, på bortebane mot Blindheim/Emblem - som er eit lag Stranda har slite mot siste året, tre tap av tre mogelege. Kan Stranda revansjere seg?
Stranda spela forrige laurdag borte mot HaNo, ein kamp som enda med tap 2-3. Stranda leia 2-1 etter fine mål av Jesper Petersen, men tapte etter to raske mål litt ut i andre omgang, etter at Stranda gjorde mange byte ved pause.
Denne gongen er det alvor, og ein ventar eit heiltent strandalag som kjempar for poenga. Kent-Runar Vad og Ronnie Furset, spelarar som elles ville ha spelt, er ute med langtidsskadar, elles er troppen etter det vi veit nokon lunde fulltallig.
Blindheim/Emblem har i alle kampane mot Stranda vunne sentrale duellar, foran begge mål. Det må Stranda sørgje for ikkje skjer også denne gongen, men det er også andre enn Terje Ottersen og lange oppspel å passe på. Spelarar som Kristoffer Morterud, Jan Erik Hellevik og Lars Andreas Vegsund er vel så gode langs bakken - uansett er motstanden god!
Vi dekkjer sjølvsagt kampen, følg med på strandafotball.no utover kvelden!