Yngve Midthjell redda juniorlaget frå nederlag med si flotte skoring frå 20 meter om lag 10 minutt før slutt, då han utlikna til 1-1.
Stranda opna kampen bra, og hadde fleire store sjansar i løpet av dei 15 fyrste minutta. Diverre kontra Sulalaget inn eit mål om lag midtvegs i omgangen, sjølv om Stranda hadde eit klart overtak. Ein greidde ikkje å omsette sjansane i teljande resultat, og dermed var det Sulalaget som gjekk til pause med 1-0 leiing.
Etter pausen var det Sulalaget som var klart best, fleire gode sjansar på gjennomløpningar og dødball - mellom anna gjekk eit skot i stolpen og ut, og med nød og neppe greidde strandaforsvararane å rydde unna i fleire tilfelle.
Mot slutten av omgangen kom Stranda meir med, og med 8 minutt att å spele fekk Yngve Midthjell ballen 25 meter frå målet til Sulalaget. Han avanserte nokre meter, før han med utsida av høgrefoten dundra ballen i høgre kryss for keeperen! Etter 1-1 prøvde Stranda i enno større grad å få eit mål til, men det vart lite ut av trykket. På overtid skora Sulalaget etter frispark frå 20 meter, men pga angrep på keeper og offside vart målet korrekt annulert.
Best på Stranda i denne kampen var kanskje Sivert Belsby, gutekeeperen som stod i mål pga bortreiste Aril Ravnøy og Roger Skarbø. Med nokre flotte redningar både i fyrste og andre omgang heldt han Stranda inne i kampen på stillinga 0-1.
Lagoppstilling:
Sivert Belsby
Kristian Skaar, Anders Tronstad, Martin Utgård, Jan Kristian Behrentz
Steffen Lilleås Ynve Midthjell, Stig Tore Lied Gunnar Espelund
Ronnie Furset, Kato Vangen