Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Juniorlaget skal rette opp inntrykket laurdag

Juniorlaget til Stranda møter i morgon Sulalaget i sin siste kamp i kvalifiseringa til fyrstedivisjon. Som kjent blei det aldri fyrstedivisjon på laget, men ein har i alle fall fått god kamptrening. No er målet å få årets fyrste siger…


Kvalifiseringa til fyrstedivisjon har så langt gjeve to tap og ein uavgjort, noko ein slett ikkje vil vere bekjent av i juniortroppen. Alle kampane har vore prega av gode og (sv&aellig;rt) dårlege periodar, og ein har prøvd å jobbe med intensiteten og dermed variasjonane på trening.

Det som her heilt sikkert er at Endre Kjølås tek med sine beste spelarar, denne gongen forventar ein at spelarar som Stig Tore Lied, Yngve Midthjell og Ronnie Furset tek tyngre tak enn tidlegare, noko som er nødvendig om ein skal vinne!
Roger Skarbø og Aril Ravnøy, dei to keeperane i troppen, er vekkreiste - difor blir anten Sivert Belsby (frå gutelaget) eller Esben Magnell henta inn til kampen. Elles er Christoffer Sve ikkje med - medan Kristian Skaar er tilbake frå vinterferie, samt at Martin Maråk har fått trena mykje og godt i ferien.

Vi har i utgangspunktet trudd på siger alle dei tidlegare kampane, denne gongen håper vi det, men fryktar det fysisk sterke Sulalaget sin effektivitet foran mål - Stranda har så langt hatt skot- /målredsel, det vinn ein ikkje fotballkampar på….

Troppen
Esben Magnell/Sivert Belsby, Kim Vangen, Kato Vangen, Martin Utgård, Anders Tronstad, Kristian Skaar, Yngve Midthjell, Stig Tore Lied, Martin Maråk, Eivind Rønneberg, Ronnie Furset, Håkon Mjønes, Gunnar Espelund, Steffen Lilleås,

Skrive av Martin Utgård, 25.02.2005 16:22
10 siste: