Harry Hovde vert keepertrener for seniorkeeparane. Harry har lang erfaring som trenar og i tillegg har han spesialfelt på keeparar. Han vil i hovudsak få oppfølgingsansvar for keeparane på A-lag herrar, Thomas Hove og Aril H Ravnøy.
Harry har vore med på å trene dei fleste keeparane i Stranda Fotball dei siste 10-12 åra. Han legg vekt på stort engasement og allsidigheit i treningane.
Thomas Hove er ein rutinert keepar som var Strandakeeper i 2.divisjon i 2000 sesongen.
Aril H Ravnøy er ein ung og sv&aellig;rt lovande keeper på 16 år. han har vore på Kretslaget i mange år. Aril har potensiale til å utvikle seg mykje.
Vi ønsker alle i keepergruppa lykke til.