Juniorlaget møter gode Valder i ein skjebnekamp for Stranda sin del. Med tap eller uavgjort, er ein utan sjanse til å nå 1.divisjon denne sesongen - uansett blir Valder vanskelege å slå.
Stranda har i dei to føregåande kvalifiseringskampane spelt høvesvis 1-3 og 2-2, i begge kampane leia Stranda etter om lag 20 minutt. Etter 20 spelte minutt, har det gått ein veg med innsats og spel: Nedover… I dag satsar trenar Kjølås på at ein skal greie å halde på ei eventuell leiing lenger enn 20 minutt - spørsmålet er vel om ein greier å ta leiinga i utgangspunktet….
Valder er rekna for å vere det beste laget i denne kvalifiseringsgruppa, men er ikkje uslåelege - det synte Sulalaget då dei spela 2-2 mot Valder forrige helg. Likevel, mange av Valder sine spelarar har vore faste innslag på A-laget deira, noko som borgar for høgt nivå.
Strandafotball.no håper på siger og trur på uavgjort, les kampreferatet her i løpet av kvelden!
Kampstart i Sunnmørshallen er 14:00