Juniorlaget til Stranda tapte 2-0 for Valder i kamp nr. 3 i kvalifiseringa til fyrstedivisjon 2005. Med det resultatet har Stranda eitt poeng når ein kamp gjenstår - og er dermed “ute av” kvalifiseringa…
Stranda opna kampen relativt bra, og spelte jamnt med Valder fyrste 10 minutta. Deretter tok motstandarlaget over meir og meir, og etter 20 minutt fekk dei kampens fyrste mål, ved Henrik Hole Oksnes. Han fekk gå upressa mot vårt mål, og løfta ballen roleg i nettet frå om lag 20-25 meter! Etter dette tok Valder meir og meir over, og hadde nokre store sjansar dei ikkje skora på - før dei skora sitt andre mål om lag etter 30 minutt. Eit langt oppspel forsvinn over foten til midtstoppar Stig Tore Lied, ein Valder-angripar avsluttar for å sjå ein kanonredning av Aril Ravnøy, før ballen blir puffa inn i mål av Kim Sander Synnes.
I andre omgang var kampen jamnspelt, kanskje med eit lite overtak til Stranda. Ein greidde å presse Valder mykje høgre og hardare, og Eivind Rønneberg, Ronnie Furset, Steffen Lilleås og Yngve Midthjell hadde tilbod som kunne ført til mål. Men det skjedde ikkje, og dermed er Stranda ute av kampen om plass i fyrstedivisjon dette året.
Målet no må vel vere å “gruse” alle lag i 2.divisjon?
Best på Stranda i dag var kaptein Yngve Midthjell og Kato Vangen, Aril Ravnøy og Stig Tore Lied synte